Webansvarlig: Simon Neby

Politikk, Organisasjon og Ledelse i Spesialiserte Kunnskapsorganisasjoner

POLIS

Om PolisSeminarkalenderForskningPublikasjonerPersonerRessurserKonferanserLenkerHjem

Strategisk kommunikasjon i sjukehussektoren, LIHCOM

 

Rokkansenteret fekk nyleg tilslag på ein søknad til Noregs forskingsråd (FRISAM) om midlar til prosjektet ”Legitimacy, identity, hierarchy: Strategic communication in the hospital sector” (LIHCOM).Utgangspunktet for prosjektet er det faktum at sjukehusføretaka i dag bruker store ressursar på kommunikasjonsverksemd og at omdømmet til den enkelte sjukehusorganisasjonen vert sterkt vektlagt. Prosjektet studerer ulike aspekt ved denne utviklinga: For det første skal det undersøkja korleis strategisk kommunikasjon i dag vert brukt for å legitimera sjukehusa overfor omgjevnadane og korleis dette tilhøvet stilte seg i tida før dei omfattande reformene i sektoren som kulminerte med føretaksreforma i 2002. Vidare skal prosjektet studera korleis strategisk kommunikasjon er eit hjelpemiddel for å utvikla organisasjonsidentitetar i sjukehusvesenet og korleis dette vert oppfatta internt i organisasjonane og i media. Endeleg skal prosjektet studera korleis strategisk kommunikasjon er ein styringsreiskap internt i sjukehusorganisasjonane, i kva grad han er eit hjelpemiddel for å byggja hierarkiske styringsstrukturar.

 

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Rokkansenteret, Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Tromsø og Center for Health management, Copenhagen Business School. Prosjektleiar er Haldor Byrkjeflot. Andre prosjektdeltakarar frå Rokkansenteret er Svein Ivar Angell og Birte Folgerø Johansen.

 

LIHCOM hjemmeside

 

Aktuelt:

"Omdømmesamfunnet - Det er prippent, rettsløst og det er ingen vei ut. Nå brer omdømmesyken seg til staten"

Dette er overskriften i Morgenbladets artikkel om omdømmearbeid i sykehusene. Haldor Byrkjeflot og Svein Ivar Angell uttaler seg på bakgrunn av sine studier av omdømme og kommunikasjon i helseforetak. Les hele artikkelen i Morgenbladet 

 

 

Om Polis | Seminarkalender | Forskning | Publikasjoner | Personer | Ressurser  | Konferanser | Lenker   | Hjem