Webansvarlig: Simon Neby

Politikk, Organisasjon og Ledelse i Spesialiserte Kunnskapsorganisasjoner

POLIS

Om PolisSeminarkalenderForskningPublikasjonerPersonerRessurserKonferanserLenkerHjem
POLIS ved Rokkansenteret inviterer til seminar om

VARSLING OG OMDØMME I HELSESEKTOREN

Tid: Torsdag 16. mars kl. 13.00

Stad: Rom 6205, 6. etg., Stein Rokkans Hus, Nygårdsgt. 5


Dei siste åra har det versert ei rekkje saker i media om vilkåra for varsling – eller ”whistle blowing” – i helsesektoren. Desse sakene har i stor grad dreidd seg om tilhøvet mellom dei tilsette sin lojalitet overfor arbeidsgjevaren og retten dei har til å ytra seg offentleg om tilhøva på eigen arbeidsplass. Mange hevdar at vilkåra for varsling har vorte svekka i kjølvatnet av dei nye leiings- og organisasjonsformene som pregar offentleg sektor. I dag er det viktig for offentlege institusjonar å hegna om omdømmet sitt, noko som òg set nye krav til måten dei kommuniserer på. Det har vorte sentralt å styra kva bilete av institusjonane som kjem ut i media, og det har og vorte viktig å ha ein strategi for kven som ytrar seg i media og på kva måte dette skjer.

Kva vilkår har tilsette i helsesektoren for å varsla i dag? Korleis er samanhengen mellom det nye reformregimet og kommunikasjonspraksisar i helsesektoren?


Program:

13.00-13.15: Introduksjon ved Haldor Byrkjeflot, forskar II ved Rokkansenteret
13.15-13.45: Marit Skivenes, førsteamanuensis Institutt for utdanning og helse/forskar II ved Fafo: Varsling i norsk arbeidsliv  
13.45-14.00: Pause
14.00-14.30: Svein Ivar Angell, forskar II ved Rokkansenteret: Ytring og kommunikasjonspraksisar i helseføretaka
14.30-15.30: Diskusjon


Seminaret vert arrangert i tilknyting til to prosjekt ved Rokkansenteret:
Autonomy, Transparency and Management, three reform programs in health care: a comparative project (oppdragsgjevar NFR) og Ytringsfridom for sjukehustilsette (oppdragsgjevar Institusjonen Fritt Ord).


Lenker:
Angell, Svein Ivar og Haldor Byrkjeflot (kommende): Eit skifte i kommunikasjonen kring helsepolitikken? Ein studie av samanhengen mellom reformer og kommunikasjonspraksiar i sjukehussektoren. Les abstract herLast ned pdf

Skivenes, Marit og Sissel Trygstad (2005): Varsling i norsk arbeidsliv. Hva betyr det og hva vet vi? (Fafo-notat 2005:29)

Skivenes, Marit og Sissel Trygstad (2005): Når arbeidstakere ytrer seg kritisk. En pilotstudie av et utvalg medarbeideres erfaringer med å varsle i utdannings- og pleie- og omsorgssektoren. (Fafo-notat 2005:04)
 

 

Om Polis | Seminarkalender | Forskning | Publikasjoner | Personer | Ressurser  | Konferanser | Lenker   | Hjem