Webansvarlig: Simon Neby

Politikk, Organisasjon og Ledelse i Spesialiserte Kunnskapsorganisasjoner

POLIS

Om PolisSeminarkalenderForskningPublikasjonerPersonerRessurserKonferanserLenkerHjem

 

POLIS -Vest Nettverksseminar  28.-29. september 2006

Stad: Avdeling for helsefag sine lokaler i Førde

Helseforetaket som kunnskapsverksemd

-Reformering gjennom leiing av kunnskapsprosessar?   

Nettverksseminaret i regi av HSF følgjer opp temaet frå november-samlinga 2005. Tittelen der var Ledelse og samordning av helsetjenesten – hvordan reformere nedenfra? Seminaret hausten 2006 kallar vi: Helseforetaket som kunnskapsverksemd - Reformering av helseforetak gjennom leiing av kunnskapsprosessar?

                                                                            

Tid:

Torsdag 28.september

Fredag 29.september

11.15

Kaffi

09.00

Petter Øgar: Kliniske mikrosystem som utfordring til helseforetak og undervisningsinstisjonar

11.30

Oddbjørn Bukve:  Presentasjon av nettverket, deltakarane og prosjektet Velferdsleiing ved HSF

10.00

Gruppearbeid økt 2 (med kaffi i grupperommet)

 

12.30

Lunch

12.00

Lunch

13.30

Birte Folgerø Johannesen: Korleis verkar dei nye styringsformene i form av evidensbasert behandling inn på leiing, kunnskapsforståing og organisering av psykisk helsearebeid?

13.00

Jan-Erik Hallandvik: Kvalitetsutfordringa i helsevesenet og helsepolitikken

 

14.00

Tove Hovland: Forbetringskunnskapens plass

 

14.30

Kirsten Indrebø: Evidensbasert pleie og behandling som ”grasrotutfordring” i helseforetak

15.00

Plenumsdiskusjon – kor går vi vidare?

 

15.30

Kaffi

 

 

16.00

Unni Krogstad: Introduksjon til Kliniske mikrosystem

17.00

Gruppearbeid – økt 1

18.30

Slutt på gruppearbeid

20.00

Fellesmiddag på Pikant

  

Tema 1: Evidensbasert behandling og pleie som leiarutfordring

Kva inneber krav om evidensbasert behandling og pleie som leiarutfordring? Har det betydning for fagleg teamorganisering, for funksjonsfordeling i og mellom helseforetak og for utforming av kvalitetskrav? Betyr det noko for korleis ein leier helseinstitusjonar?

 Innleiarar er:

 Birte Folgerø Johannesen,  Dr. philos,  Helse Bergen og Rokkansentret

Kirsten Indrebø, Sjukepleiar, Helse Førde

 Tema 2: Forbetringskunnskapens plass

Det vert oppfatta som sjølvsagt at dei tilsette i helseforetaka skal ha klinisk eller profesjonell kunnskap.Krav om ”forbetringskunnskap” er ikkje like sjølvsagt. Med dette omgrepet meiner ein merksemd retta mot analyse av system og prosessar, kunnskap og erfaringar gjennom tverrfagleg arbeid som fører til systematisk forbetring av eksisterande rutiner og behandlingsformer.

Men korleis skal leiarar i helseforetak og undervisningsinstitusjonar i praksis gripe dei utfordringane som ”forbetringskunnskap” representerer? Har undervisningsinstitusjonane noko rolle å spele?

 Innleiarar er:

 Jan Erik Hallandvik, Dr.polit, Høgskolen i Agder

Tove Hovland, prosjektleiar, Helse Førde

 Tema 3: Kliniske mikrosystem

Kliniske mikrosystem kallar ein mindre, formelle eller uformelle, grupper eller system av behandlarar som omgjev ein pasient, ei pasientgruppe eller ein pasientstraum. I den tenkinga omgrepet representerer, vert kvaliteten på mikrosystemet oppfatta som er avgjerande for forståinga av den samla kvaliteten på helsetenestene. Helsetenesta kan ikkje bli betre enn systemet kan handtere. Omgrepet er viktig i forståinga av kvalitetsutvikling gjennom måten små sosiale og faglege einingar fungerer som ramme for tjenesteproduksjon i meininga møte mellom helsevesen og pasient. Tenkinga om KM representerer store utfordringar for organisering og leiing av helseforetak og for undervisning av helsepersonell. På same vis som det å ha forbetringskunnskap er noko anna enn klinisk kunnskap, vil det å forstå, leie og utvikle mikrosystem innebere andre grep enn det tradisjonelle leiaridear i helsesektoren legg opp til. Eller..?

 Innleiarar er:

 Unni Krogstad,  Dr.philos, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten

Petter Øgar,  fylkeslege, Sogn og Fjordane 

Helse Førde og HSF inviterer deltakarane på lunch begge dagar. Overnatting kan bestillast på Rica Sunnfjord hotell, Quality hotell Førde og Sunnfjord folkehøgskule.

Påmelding til kari.kjos@hisf.no innen 20. september.

Lokal organisering ved HSF: Øyvind Glosvik, Kari Kjos og Anne-Grethe Naustdal

oyvindgl@hisf.no, tlf. 57 72 26 41
kari.kjos@hisf.no, tlf. 57 72 25 28
annegn@hisf.no, tlf. 57 72 25 17

 

 HSF logo





 

Om Polis | Seminarkalender | Forskning | Publikasjoner | Personer | Ressurser  | Konferanser | Lenker   | Hjem