Webansvarlig: Simon Neby

Politikk, Organisasjon og Ledelse i Spesialiserte Kunnskapsorganisasjoner

POLIS

Om PolisSeminarkalenderForskningPublikasjonerPersonerRessurserKonferanserLenkerHjem


Stilling som Phd-stipendiat knytt til LIHCOM-prosjektet ved Rokkansenteret/Universitetet i Bergen
Søknadsfrist 1. september 2007.


Ved Rokkansenteret/Unifob er det ledig eit treårig Ph.d-stipend med søknadsfrist 1.9.2007. Stipendet er knytt til temaet ”regulating employee identities” innafor forskingsprosjektet ”Legitimacy, Identity, Hierarchy: Strategic Communication in the hospital sector” (LIHCOM), som er finansiert av Noregs Forskingsråd (FriSam) i perioden 2007-2010. Strategisk kommunikasjon har blitt ein stadig viktigare del av styringa av helsevesenet, mellom anna som ein konsekvens av føretaksorganisering, marknadsorientering, aktivitetsbasert finansiering og eit sterkare fokus på pasientrettar og fritt sjukehusval. Helseføretak og helseinstitusjonar bruker i stadig større grad ressursar på å utvikle, organisere og styre kommunikasjonsprosessar både i forhold til media, offentligheit, tilsette og pasientar.

Stipendet er øyremerkt ein studie av dei interne kommunikasjonsprosessane i helseføretak og sjukehus og tilhøvet mellom tiltak på området strategisk kommunikasjon og dei tilsette sine identitetar. I tråd med det nye paradigmet for omdømmeforvaltning skal det vere eit samsvar mellom den bodskapen som vert kommunisert innetter og utetter og det vert ofte framheva korleis dei tilsette no er den viktigaste ressursen til å formidle eit godt omdømme til omverda. Andre aspekt som det vert lagt auka vekt på er såkalla ”enhetlig ledelse” og dei nye krav som i eit slikt leiingssystem vert stilt til dei tilsette om å vere lojale og ansvarlege og opptre i samsvar med strategiar, prioriteringar og målsetjingar til organisasjonen.

I prosjektet er vi mellom anna opptekne av implikasjonar av dette nye kommunikasjonsparadigmet for språkbruk, tilsette sine identitetar og tilhøvet mellom leiarar og tilsette. Innafor denne sektoren er ulike statlege organ i stor grad involverte i utviklinga av retningsliner og prioriteringar, og det er såleis eit interessant spørsmål i kva grad dei tilsette sine identitetar er påverka av overgangen fra forvaltningsorganisering til helseføretaksorganisering, og kva rolle kommunikasjon speler i denne samanhengen.

Meir informasjon om prosjektet kan ein finna på nettstaden www.polis.no eller ved å kontakte prosjektleiar Haldor Byrkjeflot, haldor.byrkjeflot@rokkan.uib.no , telefon 55583868.

Søkjarar må ha master-/cand.polit-grad i samfunnsvitskaplege fag eller tilsvarande utdanning.

Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein PhD -grad innafor ei tidsramme på 3 – tre - år. Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Ho skal òg innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til PhD-programmet. Nærare opplysningar om PhD-programmet kan ein finna på http://www.svf.uib.no/svfa/forskerutd/forsk_utd_start.shtm .

Eventuelle spørsmål om doktorgradsprogrammet kan rettast til seniorkonsulent Yngve Brynjulfsen, tlf. 55 589068, epost yngve.brynjulfsen@svfa.uib.no. Ein gjer merksam på at søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal ein senda først etter eventuell tilsetjing.
Samla stipendiatperiode er på tre år. Det vil verte forventa at stipendiaten deltek aktivt i den prosjektgruppa som er etablert i LIHCOM-prosjektet og i seminaraktivitetar i tilknyting til prosjektet.


Søknadsfrist 1. september 2007

Søknaden skal merkast: Sak 7/6785

 

Om Polis | Seminarkalender | Forskning | Publikasjoner | Personer | Ressurser  | Konferanser | Lenker   | Hjem